Blåskjellstory

På Smelvær langt ute på kysten, der hav møter land, bur Svein Anton Ludvigsen og den franske dama hans, Michelle. Ho rodde i land frå eit cruiseskip som ankra opp ved Brufjorden og sidan vart ho på Smelvær. Svein Anton elskar politikk, havet og country & western og Madame Michelle kan ikkje leve utan blåskjel.

Svein Anton Ludvigsen er nordsjøarbeidar og småbrukar.  Han prøvde seg som skjeldyrkar på nittitalet, men etter to havari og dårleg avsetning på blåskjela, fekk den karrieren ein brå slutt.  Det året tømde han kontoen i sparebanken og bygde gamlehuset om til gjestgiveri.

Men det var også det året Madame snudde vrangsida til.  Den ellers så gemyttelege Michelle, nekta å sette sin fot i gjestgiveriet og var ikkje å vere i hus med verken for folk eller dyr.  Svein Anton Ludvigsen var inne på tanken om å sette ho på båten tilbake til Normandie, då han plutseleg skjøna kva som mangla ho.

Snart var eit nytt blåskjelanlegg i sjøen på ein ny og betre lokalitet.  Og ikkje lenge etter var den gamle, gode Madame Michelle på plass i Smelvær Gjestgiveri der ho som ingen annan imponerte sjøfarande gjestar med sin kokekunst. Blåskjela vaks seg store og velfylte og turistane strøymde til Smelvær for å nyte sjølivet og bordets gleder.

Så kom den skjebnesvangre uvèrsdagen då Wilhelm Maier kom med rutebåten til Smelvær for å nyte livet og havdønningane i hytta si ved stranda. "Blåskjellanlegget er et fremmedelement på Smelvær og ødelegger både naturopplevelse og fugleliv", skreiv han i eit klagebrev og krevde anlegget fjerna.

Då skjedde det igjen.  Michelle gjekk i eksil på soverommet og turistar som kom til Smelvær for ei matoppleving, måtte ta til takke med ein hamburger frå mikroen. Og då forslaget om fredning av Brufjorden til ålment friluftsliv kom i posten, vart dørene stengde for godt på Smelvær Gjestgiveri.  For kva er vel livet utan blåskjel?

Men no hadde Svein Anton Ludvigsen fått nok.  Han kosta støvet av politikardressen og glatta sveisen med hårgelè. Med C&W-musikken på full styrke på stereoen, vrei han nøkkelen rundt på skjærgårdsjeepen og sette kursen målbevisst inn mot fastlandet.

Nokre dagar etter møtte Svein Anton ministerane på Stortinget og kva han sa til dei er enno ei gåte.  Sikkert er det likevel at skjeldyrkarane i Brufjorden fekk ein evigvarande rett til å dyrke sine blåskjel i fred.  Og på Smelvær er dei vidunderlege "Fruits de La Mer" igjen på menyen, krydra med Michelle sin eigen melodi:

         Vi skal dyrke blåskjell som får deg til å smile!   We will grow mussels that make Europe sing!         

P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy. Tlf. 91 72 37 92/ 57 74 51 63. Drift og hausting av blåskjelanlegg. Ordinære transportoppdrag. Webmaster: Sifon Seafood A/S.