P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy                               TLF 91 72 37 92/57 745163
                                                                                                                                   Org. nr. 981116070   


P/R Espeseth Ans er eit privateigd familierederi som vart stifta i år 2000. Vi opererer ut frå   øya Askrova der vi har drive fiske og jordbruk i generasjonar.  Ressursane i havet har alltid vore viktig for kystfolket og nye havbruksbaserte næringar som dyrking av blåskjel kan sikre framtida for mange kystsamfunn
 


    Halvar Espeseth       Andrè Espeseth     Christian Espeseth         Jarle Espeseth

Då vi sjølv valde å satse på blåskjel, såg vi snart at utvikling av effektiv dyrkingsteknologi er avgjerande for ei lønsam og konkurransedyktig norsk skjelnæring. Difor investerte vi i M/S Solkongen som er konstruert spesielt for hausting og drift av blåskjelanlegg.

Som du har sett på desse sidene, tek Solkongen seg av både utlegging, reutsetting, hausting av blåskjelanlegg i tillegg til ordinære transportoppdrag. Vi har også mulegheitar for å levere skjel i bulk til utlandet.

Vil du vite meir om blåskjeldyrking og drift av blåskjelanlegg, ta kontakt med oss pr. tlf. eller send oss ein Email:

mail.to:anne.berit.espeseth@c2i.net

 


P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy. Tlf. 91 72 37 92/ 57 74 51 63. Drift og hausting av blåskjelanlegg. Ordinære transportoppdrag. Webmaster: Sifon Seafood A/S.