Havets gåtefulle gåver


 

Dei vart plukka på stranda av steinalderfolk,  fortalde om i dikt og myter, og selde som handelsvare over heile verda. Mystiske og gåtefulle har skjela følgt menneskeheiten gjennom historien som ein del av våre håp og draumar. I dag har vi ein verdsproduksjon på 11 mill tonn skjel i året og forbruket er større enn nokon gong før.

Blåskjel er den einaste forma for akvakultur som ikkje krev kunstig foring.  Skjela lever av plante- og dyreplankton dei filtrerer frå havet og formeirer seg sjølv ved gytinga om våren. Eit blåskjelanlegg på 1500 tonn kan rense 135 000 kbm. vatn pr. time 100% effektivt.  Difor er blåskjeldyrking er ein ressursvenleg og berekraftig produksjon. Dyrka blåskjel har høgare matinnhald enn viltlevande og kvaliteten på skjel frå hengekultur er rekna som betre enn for botnkultiverte og fiska skjel.


Norge har ei lang kystlinje som frå naturens hand er veleigna for skjeldyrking. Dyrking i hengekultur er den mest aktuelle produksjonsteknikken hos oss. Dette kan foregå ved at tjukke tau eller såkalla bæreliner blir lagt horisontalt ut i sjøoverflata.  Så blir det festa oppdriftsbøyer til bærelina for å halde skjelanlegget flytande. Nye tau, eller samlarar i riktig lengde i forhold til lokaliteten  går nedover i sjøen frå bærelina, der dei er knytte fast med ca. 50 cm mellomrom.
 


Når sjøen vaknar til liv om våren og temperatur og lysforhold er gunstige, startar blåskjela å gyte. Embryoet blir til ei larve som etterkvart utviklar fot og gjeller. Etter å ha sveva rundt i sjøen i 3-4 veker, blir larven til ein yngel som forankrar seg på skjelsamlaren ved hjelp av ein sterk byssustråd. Og så veks dei vidare til vaksne blåskjel som under våre forhold kan oppnå kommersiell størrelse etter ca. 2 år.

 

P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy. Tlf. 91 72 37 92/ 57 74 51 63. Drift og hausting av blåskjelanlegg. Ordinære transportoppdrag.