Den vesle skjelfabrikken
 


 

 

 

Før haustinga tek til, manøvrerer Solkongen seg på plass i skjelanlegget med bærelinene plassert mellom dei to skroga på båten. Det går alltid ei stund før alt utstyret er i posisjon, og Svein Anton Ludvigsen ventar spent og utolmodig.

Så er sirkuset i gang og ein av mannskapet stiller seg på den eine plattforma foran baugen for å kutte stroppene på samlarane med ein kniv konstruert spesielt til dette formålet.

Meter for meter vert samlaren dregen inn på dekk gjennom to roterande børstar. Det meste av uønska avfall blir fjerna og går tilbake til sitt rette element. Skjela vert børsta av samlaren og fell ned i ei pumpe som er plassert i sjøen foran baugen. Saman med store mengder sjøvatn blir dei pumpa opp i ein vannutskiljar og frå denne går skjela i ein jamn straum på eit transportband og inn i produksjonslinja.

Inne i tunnelen under styrehuset, ligg  "Solkongens hjerte". Her blir blåskjela skillt frå kvarandre ved hjelp av ein deklumpar med roterande børstar.  Dei blir ført vidare med eit transportband til sorteringsmaskina som kan sortere skjela i 3 forskjellige størrelsar.

Svein Anton Ludvigsen orkar ikkje sjå ei skjel gå til spille og har valgt å reutsette dei minste skjela som ikkje er salsvare. Dei store skjela er førsteklasses kvalitet og følgjer eit nytt transportband til ein storsekk ved enden av produksjonlinja. Skjel i mellomstørrelse oppnår dårlegare pris og blir sortert i ein storsekk for seg. 

Tusenvis og atter tusenvis går blåskjela gjennom den vesle skjelfabrikken og timane og dagane går. Kvar kveld går Solkongen til Florø Hamn med blåskjel og derifrå blir dei frakta vidare til pakkeriet.  Den fjerde dagen er 46000 kg blåskjel hausta frå anlegget og Svein Anton Ludvigsen smiler fornøgd.

 

P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy. Tlf. 91 72 37 92 \57 74 51 63. Drift og hausting av blåskjelanlegg. Ordinær transport.  Webmaster: Sifon Seafood A/S.