Michelles Blåskjelmeny

     Blåskjel i kvitvin 

Blåskjel har ein god smak og mange bruksområder.  Dei kan brukast aleine eller som ingrediens i eit utal andre matrettar.  Hos blåskjel brukar vi heile skjelmaten. Ferske skjel skal vere levande og halde seg lukka. Bank på blåskjel som gaper, bruk dei som lukkar seg og kast dei andre.  Her får du ei oppskrift på ein klassikar:

Vask skjela godt i rennande kaldt vatn.  Finhakk kvitløk og løk og fres dei i olivenolje i ei gryte. Tilsett blåskjel, kvitvin og smør, og damp under lok til skjela har åpna seg.  Ta skjela opp av gryta og kok inn veska til du har 1/3 igjen. Hell sausen over blåskjela. Dryss med persille og server varme skjel med godt smør til.

Bon Apetite!