Reutsetting av blåskjel


 

Før Solkongen sin jobb for dei stolte skjeldyrkarane i Smelvær er over, skal yngelen i anlegget reutsettast i strømper. Dette er viktig for å oppnå jamn størrelse, god vekst og kjøttfylde når blåskjela skal haustast.

Sidan M/S Solkongen er spesialbygd for blåskjelnæringa, er strømpefyllingsmaskina ein naturleg del av utstyret ombord.  Før yngelen kjem så langt, må den haustast i storsekk på same måten som store skjel.

Ved hjelp av kranen blir innhaldet i storsekken tømt opp i ei trakt. Så blir skjela ført vidare gjennom eit rør og fyllt i spesielle strømper som går over bord i fortløpande lengder. På plattformene foran baugen står to av mannskapet klare til å feste stroppene til bærelina med passeleg avstand.

Svein Anton Ludvigsen har valgt ein bomullsstrømpe som rotnar vekk etter ei viss tid i sjøen. I mellomtida skal blåskjela danne ny byssustråd og det er viktig at blåskjela får tid til å feste seg godt før strømpen er borte.

Det er forskjellige typar utstyr på marknaden og det er viktig å velge rett utstyr av skikkeleg kvalitet. Riktige temperaturforhold og fjerning av organisk materiale er andre ting å ta omsyn til for at reutsettinga skal bli vellukka.


P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy.  Tlf. 91723792/57745163.  Drift og hausting av blåskjelanlegg. Ordinære transportoppdrag. Webmaster: Sifon Seafood A/S.