MELD DEG PÅ SKJELDYRKARKURS I FLORØ I VINTER!

Kurset kvalifiserer deg til å søke om konsesjon for produksjon av skalldyr og er tilpassa læreplan for vidaregåande kurs I i akvakultur. For å bestå den tverrfaglege prøva for akvakultur, kan du bygge på skjelkurset med meir teori. Kurset passar også for deg som er tilsett i offentleg forvaltning, bank, forsikring, eller for deg som rett og slett vil lære meir om SKJEL.

Dette får du lære om på kurset:

Biologi, teknologi og driftslære, økonomi, markedskunnskap og gjeldande lover og forskrifter.

Våre kurs legg vekt på skjelnæringa sine praktiske sider, og her kjem ein smakebit på kva du får delta i på skjelkurset:

  • Spleising og knyting av tau
  • Skjeldyrkarens sikkerheitskurs- eit samarbeid med Redningsskøytene.
  • Omvising på haustingsbåt for blåskjel.
  • Lær algene å kjenne! Prøvetaking og tolking av analyser
  • Med skjel på menyen – mini kokkekurs
  • Marknaden for mine skjel"
  • For at flest muleg skal ha høve til å delta, vert kurset avvikla over 2 helgar (fredag-laurdag-søndag). I tillegg kjem ei avsluttande prosjektoppgåve som må godkjennast for å få kursbevis.

    Prisen for kurset er kr 5800,- + reise, opphald og kursmateriell.

    Kontakt oss for bindande påmelding innan 1. februar 2003. Endeleg dato for kurset vert fastsett når vi har tilstrekkeleg antal påmeldte. Lærebok, timeplan og pensum blir tilsendt etter påmelding.