Solkongen gjer jobben lettare for deg!


Det er grytidleg morgon på øya Askrova i Flora. M/S Solkongen legg frå kai, klar for nye oppdrag i blåskjelnæringa si teneste. Ofte har mannskapet på båten mange timar foran seg før dei er framme ved anlegget dei skal hauste. Den tida blir aktivt utnytta til klargjering av tau og notliner og kontroll av at alt det tekniske utstyret fungerer slik det skal. Men sidan det berre er kort veg til Svein Ludvigsen i Smelvær, er denne jobben alt gjort unna.

På kaia på Smelvær står skjeldyrkar Svein Anton Ludvigsen og tek i mot Solkongen og mannskapet ombord. Som du har sett er det mykje som står på spel for skjeldyrkaren i Brufjorden og denne gongen skal han lukkast!  Det er ein spent Svein Anton Ludvigsen som klatrar over rekka på Solkongen.

M/S Solkongen er ein spesialkonstruert katamaran for drift og hausting av blåskjelanlegg. Båten stikk berre 60 cm djupt og er utstyrt med vannjet for å kunne manøvrere seg lett og smidig mellom bæreliner og tau i skjelanlegga. Kranen på 14 t/m eliminerer mange tunge løft og sørger for eit perfekt resultat ved utlegging av fortøyningar og bæreliner.

Prøvene Ludvigsen har teke viser at dei to år gamle skjela er store og velfylte. Kanskje hamnar blåskjel frå Brufjorden på ein europeisk blåskjelrestaurant! Svein Anton Ludvigsen har rekna ut at over 1,5 mill. blåskjel skal opp av sjøen.  Han er glad for at Solkongen er til.

Eigentleg er Solkongen ein flytande fabrikk. Ved optimale forhold kan båten hauste, deklumpe, og sortere 1500 kg blåskjel i timen. Ved hausting direkte i storsekk er kapasiteten 30 tonn pr. dag.  Solkongen har stort dekk med plass til max. 20 storsekkar. Gjennom produksjonsprosessen blir avfallet fjerna og Ludvigsen slepp å betale frakt på søppel. Store skjel blir utsorterte for å oppnå ein best muleg pris og små skjel kan reutsettast i sjøen og vekse vidare til marknadstørrelse.
 

P/R Espeseth Ans, 6919 Tansøy. Tlf. 91 72 37 92  57 74 51 63.  Drift og hausting av blåskjelanlegg. Ordinære transportoppdrag. Webmaster: Sifon Seafood A/S.